På Osterøy feirar vi gudsteneste i ei eller to kyrkjer kvar søndag, med eit par unnatak. Om det ikkje er gudsteneste i den kyrkja du høyrer til, oppmodar vi deg til å ta turen til ei av dei andre kyrkjene. Gudstenestene finn du i kalendaren.
Vi har to prestar og to organistar. Astrid Marie Haugland er sokneprest og Ida Elisabeth Greve er kapellan på Osterøy. Trent Bruner og Haldor Askeland Mjelstad er våre to organistar.