Osterøy sokneråd > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


Barnekoret på Valestrand


Barnekoret på Valestrand er eit uavhengig barnekor. 

Koret har øving annankvarkvar tysdag på Danielsen ungdomskule frå kl. 17.45-18.45. Alder: frå halvåret eit barn fyller 5 år til og med 7. klasse. Koret øver vanlegvis annakvar veke frå august til november og frå januar til mai.

Barnekoret er ein god samarbeidspartnar for kyrkja og deltar med song på nokre av kyrkja sine arrangement. Klovneforestillinga i Hosanger kyrkje er eit av høgdepunkta. Under 1000-årsjubiléet på Hamre i 2024 hadde barnekoret stor konsert i samarbeid med Bjarte Leithaug.

Du kan følgje barnekoret på Facebook@barnekorpåvalestrand (facebook.com/barnekorpavalestrand) og få oppdatert informasjon om deira øvingar og arrangement.

Tilbake