Osterøy Janitsjar inviterer til julekonsert med Osterøykoret i Gjerstad kyrkje fredag 20/12 kl. 19.00.
Me har med oss songsolist Amalie Vevle Lavik.
Det vert solistar, fellesnummer og allsong.
Dirigent for Osterøy Janitsjar er Emil Kristoffersen Børø.
Dirigent for Osterøykoret er Jon Flydal Blichfeldt.
I år får de høyre eit heilt nytt fellesnummer, arrangert av Emil Kristoffersen Børø.
Organist Trent Bruner akkompagnerer på orgel og piano, og speler eit sjølvkomponert solostykke på piano.
Andakt ved sokneprest Astrid Marie Haugland.
Kollekt til Kirkens SOS. Vippsnr: 908350
Gratis inngang.
Me håpar å kunne gi alle god julestemning inn i dei siste dagane før jul.
Velkommen til konsert!
Arr: Osterøy Janitsjar og Osterøy sokneråd.
(Informasjon frå Osterøy janitsar)